Vanskelege samtalar med tilsette i omstilling 

Formålet med kurset:

Målet med kurset er å gi leiarar innsikt og praktisk øving i korleis ein planlegg og handterer nødvendige og vanskelege samtalar med tilsette i omstilling. Målet er å støtte leiarane i å gjennomføre samtalar med tilsette i omstilling. Kurset vil ha eit praktisk fokus med øving på samtalecase og nokre teknikkar.

Målgruppe:

Leiarar som har tilsette i omstilling.

Læringsmål:

1. Få ein generell forståing i korleis endring påverkar psykososialt arbeidsmiljø og arbeidstakarar.

2. Kunne starte, gjennomføre og avslutte ein vanskeleg samtale på ein god og profesjonell måte.

3. Øve på aktiv lytting og bli bevisst på nokre samtaleteknikkar for å få samtalepartnaren til å føle seg høyrd i samtalen.

4. Bli kjent med konfliktdempande kommunikasjon.

5. Bli bevisst korleis ein tar vare på seg sjølve i leiarrolla i samtalane, og betydninga av profesjonell distanse.



Forutsetninger
Forventningar til deltakar: Det er ikkje nødvendig med førebuing til dette kurset, men lurt å ha tenkt på relevante spørsmål om vanskelege tilsette-samtalar ein har erfaring med. Det er viktig at ein unngår andre forstyrrande faktorar medan kurset er i gang.
Produsert av
AVONOVA
Deltakere
Tid fra - til
Loftstova på Sandsli Kl 0900-1230
Tidsbruk
3,5 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
8 av 10
Påmeldingsfrist
16.11.2022