Velkommen til grunnkurs i prosjekteigarstyring 17.11.2022.

Kurset er ei grunnpakke som skal heve prosjekteigarkompetanse på grunnleggande nivå. 

Kurset vert gjennomført i "Loftstova", 5.etg.  på Sandsli, og krev fysisk oppmøte. NB! Kurset kan ikkje gjennomførast digitalt.

Formål med kurset:

Prosjektvegvisaren er vår felles prosjektmetodikk i VLFK, og prosjekta skal no gjennomførast i vårt nye prosjektverktøy «Prosjektportalen». Kurset gjev deg innsikt i prosjekteigarrolla og etablerer felles rolleforståelse, kunnskap og begrepsapparat med andre interessentar for å styrke kommunikasjon og arbeidsflyt i prosjekta du er eigar av.

Målgruppe:

  • Kurset er obligatorisk for alle prosjekteigarar som har ansvar for små- og mellomstore prosjekt i VLFK 

Læringsmål:

  • Prosessen frå eit behov oppstår og vert prioritert, via å gjennomføre eit prosjekt, vidare fram til at gevinst er oppnådd​
  • Få ei god forståing av prosjekteigarrolla og gevinsteigarrolla og samhandlinga mellom dei ulike rollene i eit prosjekt​
  • Korleis prosjekteigar samarbeider med- og følger opp prosjektleiar​
  • Få ei god forståing for bruk av faser og beslutningspunkt i prosjekt​
  • Korleis auke modenheita innan prosjekteigarstyring i verksemda

Forventninger til deltaker:

Kurset er dialogbasert og skal gje deg nødvendig forståing, kunnskap og ferdigheiter til å lykkast i prosjekta du er eigar av. Gjennom kursing av VLFK sine prosjekteigarar bygger vi felles praksis i prosjektarbeid i VLFK. Det vert forventa at du deltar heile dagen og unngår forstyrrelsar/ møter/ telefonar undervegs i kurset.

Før oppmøte skal du ha gjennomført tilhøyrande e-læring. E-læringa tek ca. ein arbeidsdag og kan delast opp og gjennomførast i ønska hastigheit. Du mottek lenke til e-læring frå Holte Academy 17.oktober 2022.

Påmelding:

Kurset er forbeholdt tilsette som enten har- eller skal tre inn i ei prosjekteigarstilling i inneværande år. Deltaking skal være avklart med leiaren din før påmelding. Frist for påmelding: 10.10.2022.

Kurset har eksterne kurshaldarar frå Holte Academy.

Forutsetninger
Kurset skal avklarast med leiar før påmelding
Produsert av
Vestland fylkeskommune
Deltakere
Kurssted
Solgløtt, konferansesenter 4.etg
Tid fra - til
17.11.2022 kl.09:00-16:00
Tidsbruk
7 timar dialogbasert kurs + 1 dag elæring i forkant
Forventet innsats
Tilsendt elæring må vere fullført før kursstart
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
10 av 20
Påmeldingsfrist
16.10.2022