Velkommen til teorikurs i brann- og eksplosjonsvern for tilsette i Askvoll kommune!

I høve brann- og eksplosjonsvernloven §19 og §25 har både tilsette og arbeidsgjevar ansvar for at opplæring innan brannvern vert gjennomført. 

Alle som har eit tilsettingforhold i kommunen skal gjennomføre dette kurset, uansett om ein er mellombels eller fast tilsett.

På dei komande sidene vil du få informasjon om ulike typar slokkeutstyr, rømmingsvegar, varslingsrutinar og korleis du skal forhalde deg ved ei eventuell brann. 

Det er viktig at du tek deg tid til å lese igjennom og gjer deg kjent med informasjonen som vert gjeve. Du kan og skrive ut heile kurset i PDF-format, slik at du kan lese igjennom først og ha det liggande og notere  i medan du jobbar med det. Ikonet for utskrift av PDF-fila finn du oppe til venstre på denne sida. 

Etter kvart fagområde må du svare på eit eller fleire kontrollspørsmål for å kunne gå vidare. 

Ved fullført og bestått kurs vil din næraste leiar verte informert om at du har gjennomført kurset, og du vil ha det i di kursoversikt.


Målsetting

Etter kurset skal deltakerne ha auka kunnskap om brannfeller og skadeførebyggande tiltak slik at risikoen for at
verksemda vert råka av brann vert mindre.

Vidare skal deltakarane kunne:
– Opptre rasjonelt i brannsituasjonar
– Slokke ein brann i startfasen
– Gjennomføre sikker rømning av personar


Kjelder:

  • Norsk brannvernforening (www.brannvernforeningen.no)
  • DSB (www.dsb.no)
  • Tryg (www.tryg.no)


Copyright 2020 - Tova Kjæmpenes

Det er forbode å kopiere og/eller vidaredistribuere dette innhaldet utan samtykke frå eigar.


Sist oppdatert
27.02.2020
Produsert av
Askvoll kommune
Læringsformat
Nettkurs
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger