Kurset er for dei som ønskjer å lære meir om prosesstankegangen og som skal teikne prosesskart og flytskjema i kvalitetssystemet EQS.

Om dette kurset

I denne opplæringa skal vi jobbe med prosesstankegangen og vi skal sjå nærmare på korleis vi lagar prosesskart og flytskjema.

  • Korleis skal vi sikre at roller og ansvar er avklart, at alle veit kva dei skal gjera, når de skal gjera det og korleis?
  • Korleis sikra vi at vi arbeidar i høve beste praksis, med kontinuerleg forbetring og fjernar tidstjuvar der vi kan?
  • Korleis teikna prosessar i kvalitetssystemet?

Prosessorientert styring er ein internasjonalt anerkjent måte å bidra til konsistente og føreseielege resultat gjennom standardisering og det er ei nyttig måte å visualisere felles beste praksis på.

De vil få eit felles døme å jobbe med under opplæringa, men dersom nokon har ei enkel prosess frå eigen arbeidsplass de vil teikna i kvalitetssystemet er de velkommen til å ta den med til opplæringa.

  

Kursstad: Teams

Instruktør: Simen Soltvedt og Beate Moberg

Det blir sendt ut lenke til Teamsmøtet i god tid før kurset.


 Du må ha med: 

  • Eigen PC 


Velkommen til ein innføring i prosesstankegang!

Forutsetninger
Ansatte i Bjørnafjorden kommune
Produsert av
Bjørnafjorden kommune
Deltakere
Tid fra - til
11.03.2021 kl. 09:00-11:30
Tidsbruk
2,5 timer
Forventet innsats
Etter kurset må ein jobbe med eigne prosessar.
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
15 av 20