Grunnkurs i klarspråk og språkprofilen til kommunen (nynorsk)

Dette grunnkurset passar for deg som skriv mykje i jobben, og som treng å forbetre eller friske opp skrivekompetansen din. Stavanger har i over ti år vore ein føregangskommune innanfor klarspråk, og på dette kurset lærer du kva det inneber å skrive i ein slik kommune. 

Nokre sentrale tema vi skal innom på kurset:

  • Kva er klarspråk, og kvifor jobbar kommunen med det?
  • Kva føringar gir språkprofilen til kommunen for deg når du skriv på jobb?
  • Korleis tar vi omsyn til ulike lesarar i ulike typar tekster, og kva er ein passande tone i ulike tekstar frå kommunen?
  • Korleis strukturerer vi lesarvennlege tekstar?
  • Korleis skriv vi tekstar som innbyggarane forstår, og kva språklege fenomen bør vi vere merksame på?
  • Korleis skriv vi korrekt?

Kurset vekslar mellom foredrag, diskusjon og arbeid med praktiske oppgåver og relevante tekstar både individuelt og i grupper. Kurset går over tre timar, og det blir halde digitalt via Zoom og med ulike verktøy som Padlet og Google Jamboard. Kurshaldaren legg inn fleire korte pausar undervegs.

Har du spørsmål om kurset?

Kontakt Vidar Lynghammar vidar.lynghammar@ntb.no

Mobil: 41 68 17 10

Bindende påmelding!

Dette er dyre og etterspurte kurs. Manglende oppmøte vil bli fulgt opp i ettertid. 


Forutsetninger
Ansatte i Stavanger kommune
Produsert av
Stavanger kommune v/ NTB Arkitekst
Tid fra - til
13.04.2021 kl. 09:00-12:00
Tidsbruk
Antall timer 3
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
22 av 25
Påmeldingsfrist
09.04.2021