HMS grunnkurs  

Eit opplæringstilbod for tilsette i Vestland fylkeskommune etter krav i arbeidsmiljølova sin § 3-5 og § 6-5 første ledd samt i forskrift om organiserin… i § 3-18 og i § 3-19. 


Grunna uføresette omstende, er vi nøydd å endre på 3 dagars HMS-kurset vi har lagt ut på KS-læring for november.  


I staden for eit 3-dagars kurs for alle i målgruppa, vil vi halde eitt kurs for leiarar og eitt for VO, TV, HMS-k-koordinatorar og AMU-medlem.  

Som leiar vil du altså berre delta ein dag.  

Dei to dagane som er planlagt fysisk vert atterhald VO, TV, HMS-K-koordinatorar og AMU-medlem. 


Det nye kurset vert delt opp i to sjølvstendige kurs: 

  • Kurs 1: 7. november blir berre for leiarar og mellomleiarar med personalansvar. Dette kurset går over ein dag og er digitalt. 

  • Kurs 2: 14. og 15. november er eit fullverdig to dagars HMS-kurs for VO, AMU-medlem, HMS-K-koordinatorer og tillitsvalde. Dette kurset haldast fysisk på Hotell Scandic Bergen City, Håkonsgaten 2, 5015 Bergen.  

 

Begge kursa byrjar kl 9:00 og sluttar 16:00 

Målgruppa for kurset er verneombod (VO), hovudverneombod (HVO) og dei som er medlem av AMU. Vi forventer også at du som har leiarfunksjon i Vestland fylkeskommune nytter deg av tilbodet. Eit gjennomført kurs støttar kravet for leiaropplæring etter aml § 3-5 

HMSK koordinatorar kan også delta på kurset. 

Kurset opner også opp for deg som vil fornye eller vedlikehalde dine HMS-kunnskapar. Er det meir enn 5 år sidan sist du tok kurset, tilrår vi deg å friske det opp att no. 

Kurshaldarar:Bedriftshelsetenesta Avonova. 

Dei påmeldte til det digitale Kurs 1 vil få tilsendt ein link til kurset. Dei påmelde til Kurs 2 møter fysisk opp på kurs 2 på Hotell Scandic Bergen City. 

Dei som har behov for overnatting på hotell er sjølv ansvarleg for å ordne det.  

Kurset er gratis for alle tilsette i Vestland fylkeskommune. Utgifter til reise og eventuelt opphald må dekkast av tenestestad. 

Vel møtt til både digitalt – frå kontoret/arbeidsplassen eller heimanfrå og fysisk kurs. 



Forutsetninger
Berre for tilsette i Vestland fylkeskommune
Produsert av
Vestland fylkeskommune
Deltakere
Kurssted
Digitalt kurs
Tid fra - til
07.11.2022 kl.08:30-15:00
14.11.2022 kl.08:30-15:30
15.11.2022 kl.08:30-15:30
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
2 av 45
Påmeldingsfrist
20.10.2022