OBS OBS - TA MED EGEN PC PÅ KURSET!

Velkommen til påbyggande saksframleggskurs i Sandvigå!

På påbyggingskurset går vi djupare inn i saksframlegget og ser nærmare på korleis vi formulerer oss i dei ulike delane av teksten. Dette er eit språknøytralt kurs, og undervisninga vil veksle mellom bokmål og nynorsk. Du deltar med den målforma du vil. 

Saksframleggskurset består av to delar, eit grunnkurs og eit påbyggingskurs. Du kan ta berre grunnkurset, eller du kan ta begge kursa. Kvart kurs varer i tre timar, og innhaldet vekslar mellom foredrag, diskusjon og praktisk arbeid. 

Sentrale tema på påbyggingskurset:

  • Kven er avsendar av eit saksframlegg, og korleis skal det vise igjen i teksten?
  • Korleis sørger vi for tydeleg argumentasjon og god samanheng i teksten?
  • Kva kan vi gjere for å skrive så korte saksframlegg som mogleg?
  • Korleis sikrar vi klart og tydeleg språk i eit saksframlegg?
  • Korleis kan vi legge til rette for godt samarbeid og god kvalitetssikring i arbeidet med saksframlegg?

Kursstad: Sandvigå kurssenter, rom Torjå i underetasjen. 

Har du spørsmål om kurset?

Kontakt kurshaldar Vidar Lynghammar på vidar.lynghammar@ntb.no
Mobil: 41 68 17 10 

Vidar har over tjue års erfaring med klarspråksarbeid i offentleg verksemd, og har jobba med Stavanger kommune i over ti år. Han er ein erfaren kurshaldar og kjenner godt til organisasjonen vår og språkarbeidet i kommunen.

Bindande påmelding!

Dette er dyre og etterspurde kurs. Må du melde deg av finn du avmeldingslenke i e-posten du fekk då du melde deg på. Du kan òg kontakte Unni Berland: unni.berland@stavanger.kommune.no



Forutsetninger
For tilsette i Stavanger kommune som skal skrive saksframlegg
Produsert av
Stavanger kommune
Kurssted
Sandvigå
Tid fra - til
11.04.2024 kl. 09:00-12:00
Tidsbruk
3 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
11 av 30