Kurset oppfyller arbeidsmiljølovas krav til opplæring av verneombod og medlemmar av arbeidsmiljøutvalet (AMU).

Kurset gjer ein grundig innføring i kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid, HMS, inneber for verksemda og den enkelte arbeidstakar. Kurset baserer seg på inngått avtale mellom LO og NHO om kursets faglege innhald, og legg vekt på korleis leiar og verneombod kan samarbeide for å utvikle eit godt arbeidsmiljø. Målet er at kurset skal føre til utvikling av arbeidsmiljøet på deltakaranes arbeidsplass. Eit godt arbeidsmiljø er ein viktig faktor i arbeidet med sjukefråvær.

Dag 4 er ein kursdag som føregår på eigen arbeidsplass med tilpassa heimeoppgåver.

  • Kurset varer i 5 dagar og er delt inn 5 seperate dager - 02.11.2020, 05.11.2020, 09.11.2020, 11.11.2020 og 13.11.2020 kl 09.00 - 15.30 kvar gang.
  • Dette kurset er for: Verneombod/AMU-medlem som ikkje har deltatt på eit 40-timars HMS-kurs på 5 år
Kursmateriell vil bli sendt ut i forkant av kurset.

Det vert servert lunsj og kaffi/te kvar dag utanom dag 4.

Kurset krev aktiv deltaking, og legg opp til diskusjon og bruk av deltakaranes eigne erfaringar.

Velkommen på kurs!

Forutsetninger
Ansatte i Øygarden kommune Verneombod/AMU-medlem som ikkje har deltatt på eit 40-timars HMS-kurs på 5 år
Produsert av
Øygarden kommune
Deltakere
Kurssted
Kultursal Straume, Rådhus
Tid fra - til
02.11.2020 kl.09:00-15:30
05.11.2020 kl.09:00-15:30
09.11.2020 kl.09:00-15:30
11.11.2020 kl.09:00-15:30
13.11.2020 kl.09:00-15:30
Tidsbruk
40 timer
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
17 av 30
Påmeldingsfrist
29.10.2020