Du må logga deg inn i KS Læring oppe til høgre for å kunne melda deg på!
Kvart år skal alle leiarar delta på opplæring frå stabane, slik at me held oss oppdaterte på heradets retningslinjer og forventningar. Målet med desse opplæringsdagane er å gjera leiarane i stand til å driva effektiv administrasjon og god styring. For deg som personalleiar er det obligatorisk å delta i løpet av året og me kjem til å setja opp tilsvarande kurs på hausten.
Det er ei målsetjing å samla leiarar med lang fartstid med nye leiarar i heradet, då dette bidrar til nyttig erfaringsutveksling og god kompetanseoverføring i organisasjonen.
Om dette kursetVåren 2021 har me satt opp fleire halve opplæringsdagar og den 7 april er programmet slik:
09:00 - 12:00 HR v/ Rigmør Løno, Annlaug Helland, Elin Øvstedal og Mette Matthiessen frå HR og innovasjon.
Kurset blir halda via Teams og innkalling med teams-lenkje blir send ut til dei som meldar seg på.
Les meir om leiarutvikling og opplæring i Voss herad på våre heimesider.
Ta kontakt med Eirik.Boge@voss.herad.no om du har spørsmål.