Dette nettkurset er for deg som er tilsett i Kvinnherad kommune.

No skal de som tilsett få moglegheit til å føra timar, ferie og fråvær sjølv på web. Dette kurset vil gje dykk ei innføring i korleis de gjer det. 

Litt informasjon om modulane:

TIMELØN WEB: I denne modulen kan tilsette legga inn ekstratimar og overtid på web. Når tilsette har levert timelistene sine, vil timelistene gå definert saksgang vidare.  Timeløn web gjeld for tilsette i: barnehagane, sektor samfunnsutvikling, sektor teknikk og miljø, barn og familie, aktivitet, læring og meistring, sosiale tenester, ergo/fysioterapi og administrasjon. (Tilsette i skule og innan helse har eigne program). 

FRÅVÆR WEB: I denne modulen kan tilsette legga inn fråværet sitt: (eigenmeldingar, korte permisjonar, sjukt barn). Fråvær går i saksgang på lik line som timeløn web. Denne modulen gjeld for alle tilsette i kommunen.  EIn må framleis hugsa å melda frå til næraste leiar ved fråvær. Denne modulen erstatter skjema på papir. 

FERIE WEB: I denne modulen kan tilsette legga inn ferien sin. Ferie går i same saksgang på lik line som timeløn web og fråvær web. Modulen gjeld for alle tilsette i kommunen. 

NB! Videoane er utan lyd.


timeløn

Sist oppdatert
09.01.2024
Forutsetninger
Tilsett i Kvinnherad kommune
Produsert av
Personal - Kvinnherad kommune
Tidsbruk
10 minutt
Læringsformat
Nettkurs
Deltakervurderinger
Beklager, men det er ikke mange nok som har vurdert dette kurset ennå.
Kursvurderinger