HMS grunnkurs

Eit opplæringstilbod for tilsette i Vestland fylkeskommune etter krav i arbeidsmiljølova sin § 3-5 og § 6-5 første ledd samt i forskrift om organiserin… i § 3-18 og i § 3-19.


Kursdato: 8. februar (digitalt), 13. og 14. februar (fysisk)

Den 8. februar, varer kurset frå kl. 0830 til kl. 1500. Dag 2 og 3 varer kurset frå kl. 0830 til kl. 1530.

Stad: Digitalt kurs dag 1. Fysisk deltaking dag 2 og dag 3, Vestlandshuset, Vestlandssalen konferansesenter 4. etg.

Målgruppa for kurset er verneombod (VO), hovudverneombod (HVO) og dei som er medlem av AMU. Vi forventer også at du som har leiarfunksjon i Vestland fylkeskommune nytter deg av tilbodet. Eit gjennomført kurs støttar kravet for leiaropplæring etter aml § 3-5. Kurset er følgjer modellen 1+2 dag med heimeoppgåve.  

HMSK koordinatorar kan også delta på kurset.

Kurset opner også opp for deg som vil fornye eller vedlikehalde dine HMS-kunnskapar. Er det meir enn 5 år sidan sist du tok kurset, tilrår vi deg å friske det opp att no.

Kurshaldarar: HR, Organisatorisk støtte og HMS.

Kursform: Digitalt kurs med aktiv deltaking, via kursplattforma KS læring dag 1 og fysisk samling dag 2 og 3.  Sjå intranett – HR, kvalitet og HMS – Kompetanseutvikling: kurs og e-læring dersom du har problem med pålogging.

Dei påmeldte vil få tilsendt ein link på e-post til den digitale delen av kurset i løpet av veke 42.

Dei som har behov for overnatting på hotell er sjølv ansvarleg for å ordne det. 

Kurset er gratis for alle tilsette i Vestland fylkeskommune. Utgifter til reise og eventuelt opphald må dekkast av tenestestad.

Som du kan sjå, går kurset over 3 dagar med ein pause mellom dag 1 og 2. Her får du høve til å gjere ei heimeoppgåve. Dette er obligatorisk for at kurset ditt skal bli godkjend.

Vel møtt til både digitalt – frå kontoret/arbeidsplassen eller heimanfrå og fysisk kurs.

For detaljert program klikk her. Vi gjer atterhald om endringar i programmet.

Forutsetninger
Berre for tilsette i Vestland fylkeskommune
Produsert av
Vestland fylkeskommune
Deltakere
Kurssted
Vestlandssalen, konferansesenteret 4.etg
Tid fra - til
08.02.2024 kl.08:30-15:00
13.02.2024 kl.08:30-15:30
14.02.2024 kl.08:30-15:30
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
18 av 50
Påmeldingsfrist
01.02.2024