Dette opplæringsprogrammet skal legge til rette for at du skal kjenne deg trygg på å starte som ny i eininga, og være ny i avdeling. Samstundes som vi treng å være trygg på at du som nytilsatt får nødvendig opplæring for å utføre det arbeidet du er satt til å utføre.
Avdelingsleiar har ansvar for opplæringa, og vurderer kva for opplæring som er relevant for den einskilde på bakgrunn av tidlegare praksis og kompetanse. Nokre av kursa er obligatoriske.
Opplæringsprogrammet si oppbygging
Programmet er sett saman av e-læringskurs frå ulike læringsplattformar: Visma Veilederen, Glup, Læringsportalen Helse Vest og Kunnskapsbanken. Rettleiing til korleis du oppretter brukar finn du i dei ulike kursmodulane.
Kursbevis
Når du har fullført dei aktuelle kursa er du sjølv ansvarleg for å framvise kursbevis til avdelingsleiar.
Spørsmål til gjennomføringen
Dersom du har spørsmål undervegs, tar du kontakt med din næraste leiar, kollegaer på arbeidsplassen din eller kursansvarleg.