OBS OBS - TA MED EGEN PC PÅ KURSET!

Velkommen til saksframleggskurs i Sandvigå!

På dette skrivekurset går vi gjennom kommunen sin mal for saksframlegg og kva du skal skrive under dei ulike delane. Dette er eit språknøytralt kurs. Undervisningsmateriellet vil veksle mellom nynorsk og bokmål, og du deltar med den målforma du vil. 

Skrivekurset består av to delar, eit grunnkurs og eit påbyggingskursDu kan ta berre grunnkurset, eller du kan ta begge kursa. Kvart kurs varer i tre timar, og innhaldet vekslar mellom foredrag, diskusjon og praktisk arbeid. 

Sentrale tema på grunnkurset:

  • Kvifor er det viktig med klart språk i saksframlegg?
  • Kva er eit (godt) saksframlegg?
  • Korleis skriv vi dei ulike delane i eit saksframlegg?
  • Med utgangspunkt i malen for saksframlegg ser vi på korleis vi skriv gode titlar, forslag til vedtak og samandrag, og vi bruker tid på forholdet mellom bakgrunn, fakta, vurdering og konklusjon.

Kursstad: Sandvigå kurssenter, rom Torjå i underetasjen. 

Har du spørsmål om kurset?

Kontakt kurshaldar Vidar Lynghammar på vidar.lynghammar@ntb.no
Mobil: 41 68 17 10 

Vidar har over tjue års erfaring med klarspråksarbeid i offentleg verksemd, og har jobba med Stavanger kommune i over ti år. Han er ein erfaren kurshaldar og kjenner godt til organisasjonen vår og språkarbeidet i kommunen.

Bindande påmelding!

Dette er dyre og etterspurde kurs. Må du melde deg av finn du avmeldingslenke i e-posten du fekk då du melde deg på. Du kan òg kontakte Unni Berland: unni.berland@stavanger.kommune.no


Forutsetninger
For tilsette i Stavanger kommune som skal skrive saksframlegg
Kurssted
Sandvigå
Tid fra - til
10.04.2024 kl. 08:30-11:30
Tidsbruk
3 timar
Læringsformat
Arrangement
Ledige plasser
5 av 30