Her vil me gå gjennom kva du må gjera på PC-en din før han skal over i Vestland.

Om dette kurset

Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til eitt fylke, Vestland fylkeskommune, frå 01.01.2020. Det fører med seg endringar i korleis vi loggar oss på. Etter endringa vil du få eit nytt brukarnamn som du skal nytta i nye VLFK.

Datamaskina di må også over i det nye systemet. Overføringa gjer at du vil mista alle dataa på maskina di – både program og dokument. 

Det er viktig at du sikrar dataa dine. Gjennom denne presentasjonen vil du få opplæring i kva data du skal sikra og korleis du gjer det.

Det vil vera nokre forskjellar mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. I Sogn og Fjordane er allereie dataa på skrivebordet og i dokumentmappa kopierte til den personlege lagringsstaden din på nettverket. Han finn du som bokstaven P i filbehandlaren.

Hordaland-tilsette må sjølv kopiera dataa over til P-stasjonen.