Dette er eit tilbod til deg som er født i 1961 eller tidlegare.
Det vert tilbod om individuell rettleiing frå ein representant frå KLP. Du får då høve til å stille spørsmål om din eigen pensjon og få rettleiing om det du lurer på når det gjeld pensjonsspørsmål.
Det er lurt å gå inn på https://www.klp.no/ på førehand.
Du må avtale med leiaren din før du melder deg på dette arrangementet. Rettleiinga vil skje på teams/telefon og tar om lag ein halv time. Du vert kontakta av representanten frå KLP eit par dagar på førehand for avtale om nøyaktig tidspunkt.
Førstemann til mølla prinsipp!